Skihelsning frå Team Northcom

Vi har gått løs på februar månad og skisesongens første halvdel er historie. Team Northcom med Matz William Jenssen, Pål Trøan Aune og Gjøran Tefre har konkurrert kvar helg sidan 20. november. 

Det har vore både oppturar og nedturar. Kjekke opplevingar og gode erfaringar. Alt med Northcom logoen strategisk plassert på vår kondomdress. Når vi no ligg med beina høgt og ventar på neste skirenn tar vi oss tid til ein kjapp oppsummering!

Vi kan sjå tilbake på ei solid deltaking i verdenscupen hittil i år. Team Northcom har hatt ein eller fleire løparar med i heile 5 av 7 helgar under årets World Cup. Det har resultert i to 12.-plassar, i Davos for Gjøran og i Toblach for Matz, som beste plassering.

matz2.jpg

Under NM i sprint hadde vi intet mindre enn tre løparar topp 11, med Matz på ein veldig sterk 5. plass. Vidare kan vi nevne ein 2. plass frå Norgescupen på Gålå før jul, 2 topp 10 plasseringar på Beitostølen under åpningshelga, samt fleire topp 10 plasseringar i Skandinavisk cup Østersund og Falun. Veldig mykje bra, men framleis ein del å gå på! 

    pål1.jpg

Vi i Team Northcom har som mål om å kjempe i toppen under nasjonale og internasjonale konkurranser. Vi skal vere blandt dei beste skiløparane i verda og gå skirenn på den største scena. Då må vi vere ein del av Norges tropp under flest mulig verdenscuprenn. Og på denne måten skal vi igjennom idretten vår representere Northcom som selskap, men også Northcom sin kultur. Både nasjonalt og internasjonalt. Når vi kjempar om sekund og tidel i løypa. Når vi står øverst på seierspallen, eller når vi reiser oss etter ein nedtur. Vi gjer det som ein del av Northcom.

Northcom sin offensive innstilling, det gode samholdet i heile organisasjonen, og ein gjennomgåande vilje til å vinne. Det er haldningar som inspirerar. Haldningar vi kvar dag tar med oss ut på vår daglige treningsjobb, ut i konkurranse, og ut blant publikum. Frå dag ein har Team Northcom levd under mottoet «vi har verdas beste sponsor». For nettopp det er Northcom for oss. Vi ser effekten av å ha Northcom i ryggen. Og endå betre, det gjer våre konkurrentar også. Dei ser at Northcom ikkje gjer ting halvvegs. Vi går all in!

Vi er veldig klare for siste del av sesongen. Takk for støtta og følg med oss vidare på reisa!
instagram, camera, communication, social, media, network_512px.png @paalaune
instagram, camera, communication, social, media, network_512px.png @gjorantefre
instagram, camera, communication, social, media, network_512px.png @matzjenssen

Skihelsing frå Team Northcom.
gjøran2.jpg
 Av Gjøran Tefre.

Din nettleser er utdatert!

For å kunne bruke alle funksjoner på nettsiden må du oppdatere nettleseren. Oppdater min nettleser nå

×